Gå til sidens hovedinnhold

Wonder Woman frå Venstre

Artikkelen er over 1 år gammel

For kring 80 år sidan gav teikneserieskaparen William Molutron Marston si verdskjende heltinne, Wonder Woman, superkrefter.

KRONIKK Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

No har vår heimlege superhelt brukt korona til å tvinge fram dramatiske endringar i skulen.

Kven skulle trudd at ein ung og fersk kunnskapsminister frå Venstre skulle bli Noreg si Wonder Woman, og brått snu opp ned på det meste vi har tenkt om skule? Det har Guri Melby gjort.

Der tunge ekspertutval i årevis har stanga fåfengt mot veggen, har Melby på to månader funne døra mot verda og framtida, sprengt ho open og vist veg ut.

Det aller beste er at ho har tatt knekken på førestillinga om at barn og unge fysisk må vere på skulen for å lære noko. Verda er ikkje slik. Det veit vi alle. Men å få skulen til å forstå det? Det har Wonder Woman ordna opp i.

Då fell mykje på plass, og endå meir fell bort.

For det fyrste:

Fråværsgrensa og tilhøyrande straffesystem i vidaregåande skule er oppheva. Måtte det aldri kome tilbake.

For det andre:

Kravet om legeattest for å vere sjuk, har falle bort. På linje med anna folk kan barn og unge no endeleg med godt samvit ligge heime når dei er sjuke. Vi veit og at dette effektivt hindrar spreiing av smitte, og fastlegar og skular sparar masse tid og byråkrati.

For det tredje:

Bruk av digitale verktøy og kommunikasjonskanalar har fått sitt endelege gjennombrot. Mobilen som på skulen var utskjelt og innelåst, har kome til heider og nytte.

Som ved eit mirakel har lærarar kasta seg rundt og lært seg ny teknologi, og gjort at kvardag utanfor skulen har blitt ein realitet. Ikkje utan sverdslag og problem, men betre enn dei fleste våga tru. Alt nytt treng utprøving og tid.

For det fjerde:

Skulevegrarane blomstrar. Dei hadde tidlegare mistanke og trugsmål om plikt, straff og utestenging hengjande over seg. No er dei brått del av flokken. Dei får oppmuntrande telefonar frå lærar og medelevar, tek del i gruppearbeid og har det betre enn på lenge.

For det femte:

Mange born som i utgangspunktet likar seg på skulen, tener på heimeskulen. Det gjeld kronisk sjuke born med smerter og plager som tvingar dei til fråvær, med dårlege eller manglande karakterar som konsekvens.

Også introverte, sensitive og sjølvstendige barn får konsentrert seg betre og gjort meir heime. Dei kan ta den tida dei treng for å gjere ferdig eit arbeid. Ta pause når dei er slitne, ete når dei er svoltne og gå på do når det pressar på.

Klasserommet er ein smeltedigel av lyd, samtidige aktivitetar, avbrot og uro. Det er rytmen og faga til læraren som gjeld, og elevar må med læraren springe frå time til time og ofte frå rom til rom.

Mange er og plaga av det daglege stresset med inn- og utmarsj, og skuleskyss på overfylte bussar. Storparten av mobbing og plaging skjer her.

For det sjette:

Wonder Woman har bestemt at det ikkje blir eksamen. Alle er likevel sikra vitnemål. Det er eit genialt grep.

Stressa ungdom over heile landet kan no senke skuldrene og jobbe meir langsiktig. Dei med allergi slepp å tenkje på at den eine dagen i den mest utsette perioden på året, skal avgjere framtida deira. Det er også millionar spart på produksjon av eksamensoppgåver, gjennomføring og sensurering.

Utan eksamen blir skuleåret for avgangselevar, både i grunnskule og vidaregåande, monaleg lenger, og inntaket til vidaregåande skule og høgare utdanning blir gjort i ro og mak.

Ikkje minst, som ved eit under såg Wonder Woman korleis russetida som konsekvens av alt dette, fell på plass der ho høyrer heime, i juni, på slutten av skuleåret.

Kva no?

På langt nær alle elevar kan vere heime. Ein urovekkande stor del av dei unge opplever tilværet der som eit fengsel. Det er tronge bustader med store familiar. Tusenvis av born har vore innestengde, utan utveg til flukt frå foreldre eller familiemedlemmer som ligg under for rus, er valdelege eller utset dei for trugsmål og seksuelle overgrep.

Andre manglar struktur, eller treng omfattande fagleg hjelp med støtte og tilrettelegging for sine vanskar. For desse er skulen avgjerande viktig, kvar dag, heile dagen, og langt utover fag.

Elevar som tener på det, bør som normalordning få høve til heimekontor i periodar. Dermed vil presset på overfylte klasserom minske, og gi betre rom for å følgje opp dei som verkeleg treng skulen heile tida. Denne fleksibiliteten vil tene svært mange, og ein kan også sjå det som bidrag til den nasjonale dugnaden.

Viktig for alle

Men skulen er viktig for alle. Våren 2020 har vi sett at det både for unge og gamle er stort ynskje om å få sjå kvarandre igjen, for samtale, nærleik, lese kroppen sitt språk og det å gi og få ein klem.

På skulen treff ein og vener, for mange limet i livet. Når verda vaklar, er relasjonar redninga. Ta vare på kvarandre, står det over alt no.

Nettopp. Skulen si viktigaste oppgåve er å ta vare på folk. Dette er superkrefter i alt samspel mellom menneske.

Læreplanen frå hausten 2020 stimulerer til meir utforsking og fordjuping, med færre mål og emne.

Framtida kjem no utan fasit. Det nye viruset kan tene som eksempel og syner korleis alt heng saman med alt; geografi, biologi, økonomi, politikk, matproduksjon, forureining, klima, reiseliv, arbeidsliv, fattigdom, helsevesen, demokrati, overvåking og maktmisbruk.

Oppsplittinga i fag og timar, massive arbeidsplanar sendt heim, vurderingsordningane og tradisjonen med skulelæring som synonymt med lærarstyrt undervisning i klasserom, blokkerer for å arbeide framtidsretta.

Kva seier du, Wonder Woman? Mye har hendt på kort tid.

Korleis vil du bruke superkreftene dine vidare?

Det er framleis litt å ta tak i.

Kommentarer til denne saken