Rui-jentene som teater: "Spaden må gå jamnt"

Fredag 28. september kl.19:00
Vidarvoll Kulturhus - Heddal
Heddalsvegen 597, NotoddenÅpne kart
kart
Historia om dei to små systrene Ingerine og Gurine Schevenius, frå den vesle plassen Rui på Dalen i Telemark, som kom til kongen, var kjend og kjær i si samtid, og ho vekker framleis gjenklang hos mange. Ingerine og Gurine fann glede i det enkle livet på Rui. Sjølv om dei hadde midlar til å gjera arbeidet lettare, levde dei etter sin fars filosofi om nøysemd. Kva er det me moderne menneske ikkje kan sjå, men som dei så klart og tydeleg såg, der dei streva og arbeidde oppe på sitt vakre, men akk så enkle og gamaldagse Rui? Og korleis blir to syskjen forma av kvarandre etter å ha levd eit langt liv i tosemd, og i gjensidig avhengnad? I førestillinga får ein møte Ingerine og Gurine, og ta del i deires liv. Ein møter dei heime på Rui, i friskt samspel med publikum i salen, og får vera med på den store reisa frå Dalen til Oslo. Me ynskjer å gje publikum eit nært, varmt, og ekte møte med Ingerine og Gurine, eit møte fylt med humor, og til undring og ettertanke. Manus blir til etter ein idé av Inger Merethe Johnsen og utprøving av scener. Regien er ved Sylvia Salvesen, Hæge Manheim spelar Ingerine og Inger Merethe Johnsen spelar Gurine Bilettar kr 150 kjøpes ved døra.