(TA:) Totalt er det som følgje av arrangementet skapt ni nye årsverk sidan 2017. Tala kjem fram i ein analyse som Sponsor Insight AS har utført for arrangøren. Selskapet har intervjua 519 personar blant publikum på Telemarksveka 2022. Dagleg leiar i Telemarksveka, Tormod Hynne, la fram dei hyggjelege tala for formannskapet i Midt-Telemark kommune måndag føremiddag.
Ifølgje Hynne fekk Telemarksveka gjennom profilering på TV og ulike nettstader 8,4 millionar «inntrykk», det vil seie sjåarar og lesarar. Talet viser at mange har sett på fleire sendingar og nettsaker. 75 prosent av desse innslaga var rein reklame for regionen. Det var totalt 280 oppslag i media og berre på TV2 var samla sendetid på seks timar. Verdien av reklamen i TV og arrangøren sine sosiale nettstader er kalkulert til 4,6 millionar kroner. Samla var 10.000 menneske innom dei ulike arrangementa som gjekk i tida 18. til 26. juni, ifølgje analysen.
Sjefen i Telemarksveka viste elles at friviljuge organisasjonar fekk ei samla støtte på 450.000 kroner som følgje av arrangementet. Kring 450 personar jobba dugnad i løpet av denne veka. Dei økonomiske ringverknadene, er ifølgje rapporten, på 9.056.000 kroner. Kring sju millionar av dette står arrangøren for sjølv, medan tilreisande utanfor Telemark står for inntekter direkte og indirekte på om lag to millionar kroner, ifølgje rapporten. Der blir det også slege fast at publikum er svært godt fornøgd med arrangementet, og at over 90 prosent av dei spurde kan tenkje seg å vere publikum også neste år.
Meir breidde
Han opplyste at TV2 alt tysdag 18. oktober skal kome med framlegg til korleis veka skal gjennomførast neste år.
– Dette er noko nytt. Tidlegare var de me som måtte selje inn arrangementet til TV-kanalen. Arrangementet omfattar tre kommunar, Notodden, Midt-Telemark og Nome, seier Hynne vidare.
Han signaliserte at verdsstjerner skal ta turen til Midt-Telemark neste år, men at arrangøren framover vil leggje enda meir vekt på breidde og inkludering.
Veldig fornøgde
Tala som Hynne la fram møtte mange godord.
– Arrangementet føler til eit vanvitig samhald i regionen. Det er grunn til å vere stolte av det me driv med. Nokre sakna motbakkeløpet til Lifjell, sa Bjørn Magne Langkås (Frp) etter orienteringa.
Høgres Ingemar Bråthen tok og av seg hatten medan ordførar Siri Blichfeldt Dyrland (Sp) sa seg glad for satsing på likestilt idrett.