Så har me det gåande igjen. Skolestruktur. Skal det aldri bli slutt på det? Atter ein gong er det den neste generasjon som skal vera salderingsposten i budsjettet.

Nå kjem det opp att for ørtende gong å flytte Heddal u-skole til Sætre. Flyttinga er for så vidt ikkje det verste, men det blir framstilt som om dette er nesten gratis. Det er det ikkje! Bruk av D-blokka er ikkje ei brukbar løysing. Det må byggast meir. Kva vil det koste? I tillegg kjem problematiske trafikkforhold. Det er svært vanskeleg nå pga foreldre som leverer og hentar elevar, og med 2 eller 3 bussar ekstra frå Heddal, blir det kaotisk.

Bruk av ungdomskolen på Sem til barneskole, er heller ikkje uproblematisk. Det må byggast minst 8 nye klasserom. Kvar skal dei ligge? På den dyrka marka til Sem? På deler av idrettsplass/leikeområde? Det er krav om stor uteplass for ein barneskole. Dessutan veit me at det er rasfare i dette kvikkleire området. Me treng ikkje fleire Gjerdrumulykker!

Her er og dei trafikkale forholda eit problem. Her må alle kjørast med buss, til og med frå Yli pga flyplassen. 6-åringar kan ikkje settast av ved Oasen pga trafikken kl 0800 om morgonen. Bussar både nordfra og frå Vestsida må kjøre rundt om Vaa og snu lenger nord. Det er dei same bussane som har med u-skole-elevar til Sætre. Eg vil be kommunestyret tenke seg grundig om før dei gjeng for dette alternativet.

Barneskole på Rygi er ikkje det beste alternativet, men om lag dei same partia (og folka) som øydela skolestrukturen i Heddal i 2013, vil gjera det same nå. Vidar eller Klokkarud hadde vore betre, men det ser ut for å vera umogleg. Derfor Rygi. I den samanheng kunne det vera moro å foreslå følgjande: Flytt barnehagen på Rygi til Yli. Der er det nå god plass. Men det er vel som å banne i kjørkja fordi den eine er kommunal og den andre privat.

Jon Mælandsmo