Da de slapp syv høner løs på bygdeheimen skjedde det noe med de eldre

LJOSPUNKT: Hønene har blitt eit ljospunkt i kvardagen til Sverre Teigen (73) på Sauherad bygdeheim.

LJOSPUNKT: Hønene har blitt eit ljospunkt i kvardagen til Sverre Teigen (73) på Sauherad bygdeheim. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Sju høner har gitt brukarane av Sauherad bygdeheim på Gvarv ein ny og spennande kvardag.

DEL

- Det blir litt ekstra liv i kvadagen, dette. Viss me ikkje kjem fort ut, sit hønene på rad og rekkje og ventar på oss, seier Sverre Teigen (73) og ler høgt.

- Dei har nok blitt litt bortskjemte, for dei lurar på kvar maten blir av, skyt han humørfylt inn og ser på dei sju tuppene som trippar fritt på baksida av bygdeheimen. Selskapet med hønene har blitt eit dagleg høgdepunkt.

- Dei klukkar og nippar, også er dei veldig sosiale. Ein kan prate med dei også, fortel Sverre vidare.

Skapt nytt tema

Det var i sommar at dei sju hønene fekk seg nytt hønsehus og busette seg på uteområdet til Sauherad bygdeheim. Sjukepleiar på staden, Siv Anett Ågedal Lian, hadde sjølv hatt høner heime på garden i mange år og visste at dei hadde kvalitetar som kunne komme busette på bygdeheimen til gode.

- Dei er triveleg selskap og det er lettstelte dyr. Dei går ute, så det er heller ikkje problem med allergi, fortel Siv Anett, som med god velvilje frå einingsleiar Martin Ytreland, tok med ein fin bukett høner for ein prøveperiode denne sommaren. Vekene har gitt meir enn forventa.

- Mange av brukarane er veldig opptatt av korleis hønene har det. Det har skapt eit nytt tema i kvardagen. Ein merkar også at det gjer noko med ein. Også dei som ikkje har så mykje språk snakkar plutseleg om klukking og høner, så det er tydeleg at det set igang prosessar, smiler sjukepleiaren stolt. Einingsleiar Ytreland er glad for at han tok forslaget under vingen.

- Det funkar kjempebra. Eit tiltak som fremjar både trivsel og livskvalitet, understrekar han og medgjev at han ikkje var betenkt da ideen kom. Problematisk økonomisk var det heller ikkje.

- Det har vore ein veldig liten kostand, samanlikna med det ein har fått att. Det fungerer veldig bra på alle måtar, seier Ytreland. Både Sverre og Else Marie Holte (86) har alt knytta nær venskap og kjennskap til dei sju dverg kochinane som er sesongbusette på utsida av husveggen.

Gler seg til våren

- Ein høyrer på klukkinga deira korleis dei har det, fortel Sverre, som dagleg kommuniserer med dei fjørkledde som takksame nippar til alt av matrestar.

- Og viss dei klukkar sånn kluuuukk, klukk, klukk, kluuuuuuuuuk, seier Sverre og illustrerer levande med både hender og røyst

- da har dei verpa eit egg, fortel han oppglødd. 73-åringen har full kontroll på heile flokken.

- Javisst, ein ser med ein gong om nokon manglar. Så reven kan bare prøve seg. Da skal eg jammen ta'n, forsikrar han. Når frosten nærmar seg må hønene tilbake til hønsehuset på garden til Siv Anett. Men dei gode relasjonane vil bygdeheimen byggje vidare på, og tanken om å utvide med nokre kaniner neste sesong, er heller ikkje så fjern.

- Ein skal ikkje sjå vekk frå det. Så lenge dyrestellet ikkje går på kostand av dei eldre, kan det vere ein god tanke å vidareutvikle. Else-Marie ser alt for seg korleis vinteren blir.

- Da kjem me til å sitte her og gle oss til våren, smiler ho forventningsfull.          

Artikkeltags