Signe og Fant til topps

TEAM: – Ti drivne jegerar måtte sjå seg slått av Signe Mosebø og Fant. Jakt med bandhund er uvanleg i Telemark, og alle er velkomne til å prøve, uansett rase, seier Morten Elgaaen.

TEAM: – Ti drivne jegerar måtte sjå seg slått av Signe Mosebø og Fant. Jakt med bandhund er uvanleg i Telemark, og alle er velkomne til å prøve, uansett rase, seier Morten Elgaaen.

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Signe Mosebø og Fant imponerte dommar og drivne bandhundjegarar.

DEL

For 14 dagar sidan arrangerte Telemark Elghundklubb for fyrste gong ei samla bandhundprøve, kalla Telemarksprøva med innlagt klubbkamp.

Dette skjedde i skogen i Sauland, på heimebanen til Signe og Fant, og dommar Morten Elgaaen gjekk to skritt bak ekvipasjen i sjuåtte timar.

– Må satse høgt

Elgaaen fortel at det var ei glede å gå bak denne ekvipasjen, av fleire grunnar. For det fyrste er Fant ein svensk kvit elghund, og truleg berre ein av to i sitt sal i Telemark. Rasen hevdar seg sjeldan i toppen, og iallfall svært sjeldan med ei ung dame som førar.

– På toppen av dette har Signe nesten ikkje vore med på jakt heller, og saman med Fant fann ho to elgar. Fant sat heilt stille og såg på elgen i 12 minuttar, og når eg reiste meg for at elgen skulle stikke, sat Fant like rolig. Det var fantastisk spanande, seier Elgaaen. Han ber ekvipasjen satse høgt, og nemner NM om to år.

Fem ulike moment

Prøva starta ein søndag morgon ved femtida, og dommaren gav karakter etter fem ulike moment: søk etter elg, evne til funn, oppførsel når ein får ferten av dyr, oppførsel når ein ser dyret og sporing.

– Signe og Fant oppnådde 87 poeng av 100 mogelege. Det er veldig sterkt, og frå 75 poeng og oppover får du ein fyrstepremie. Nærast Signe og Fant var ein ekvipasje frå Hordaland, fortel Elgaaen.

Telemark vann

I klubbkampen var det Telemark og Hordaland som kjempa, og det blei heimesiger også her. Laget besto av Signe og Fant, bror hennar Halvor Mosebø med ein norsk elghund svart som heiter Eino og Gunnar Undersrud frå Rjukan med ei norsk grå elghundtispe som heiter Tikka.

Som desidert best av alle fekk Signe og Fant historias fyrste napp i vandrepremien, som er eit rosemala fat med elgmotiv.

– Denne dagen var det full klaff. Fant var med heile tida, så konsentrert, fokusert og rolig. Det smitta over på meg, seier ei fornøgd hundeførardame. Ho er stolt over det hunden, som berre er to år, oppnådde, og legg til at hundane i heimen høyrer til bror hennar, og at ho blei med på eit bandhundkurs i fjor, og dermed var det gjort. Dei har tre hundar og alle får dagleg tur, og Signe og Fant må i tillegg ha økter på rundt tre timar i skogen eit par gonger i veka. Ho påstår det har blitt dårleg med kontakttrening, men at Fant er så rolig og trygg ein hund. Dommaren derimot er viss om at her må det liggje utruleg mykje god trening bak, også kontakttrening. Og det er samspelet mellom hund og førar som gjer susen. Det minste kroppsspråk hos begge skal lesast av den andre, og forstås.

Artikkeltags