Gå til sidens hovedinnhold

No er det Hjartdalsbygda sin tur !

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Som gåmmål hjartdøl gjer eg meg nokre tankar om korleis Hjartdal kommune synest legge til rette for utvikling i det som ein gong var heimbygda mi. Med barnebarn i bygda er eg ein del på besøk der og opplever korleis aktivitet og samhald blomstrar.

For nokre dagar sidan fylgde eg 2 åringen, som eg er Goffa til, i barnehagen. Jammen den same bygningen som eg starta i fyrste klasse i for 62 år sidan. Ikkje dei store bygningsmessige endringane ser det ut til, nett slik som Kyrkjekrinsen skule såg ut når den sto ferdig i 1960.

Sist vinter hadde eg gleda av å vere på skikarusell i Gvammen og hoppkarusell i Bjødre. Og i sommar på fotballtrening og kampar på Bergtun. Eit yrande liv, imponerande mange ivrige ungar og engasjerte foreldre. Lett å sjå at det gror godt i Hjartdalsbygda!

Så kva gjer Hjartdal kommune for å støtte opp om alt det positive som er i bygda. Har bladd litt i det som er kommunedirektøren sitt framlegg til langtidsbudsjett 2022-25 for kommunen, og da ser det for meg ut som ein meir ynskjer avvikling enn utvikling.

Eit samla kommunestyre la ned skulen i bygda for eit par år sidan, men hjartdølane bretta opp armane og starta privatskule. I 1-4 trinn er det visstnok like mange elevar der, som på tilsvarande trinn i den nye flotte skulen som kommunen har bygd i Sauland.

I Sauland er det også ny barnehage med omlag like mange ungar som i den 62 år gamle barnehagebygningen i Hjartdalsbygda. Det har vore vedteke i tidlegare budsjett at det skulle byggast ny barnehage i Hjartdal, men no ser det ut som direktøren kjem med det geniale forslaget om heller å køyre nokre av ungane frå Hjartdal til barnehagen i Sauland.

Her må politikerane i Hjartdal kommune sette foten ned å sørge for at det blir bygd ny barnehage snarast. Nærhet til tenestene der folk bur er tonen frå den nye regjeringa, ein skal reversere den sentraliseringa som har skjedd dei siste 8 åra. Ja ein har til og med sett av 1,2 mrd kr i neste års statsbudsjett til støtte til nedleggingstruga grendeskular. Dessutan er det verdt å merke seg at dei årlege kraftrelaterte inntektene i Hjartdal kommune, anslagsvis 20 mill kr, i all hovudsak kjem av verdiar skapt i Hjartdalsbygda og Tuddal.

Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet i Hjartdal kommune kan ikkje sentralisere noko av barnehageaktiviteten, stikk i strid med nasjonal politikk. Og det blir også stikk i strid med den grøne satsinga, med all biltransport dette vil føre til.

Skule, barnehage og nærbutikk er tre viktige faktorar for at folk skal bu og trivast lokalt. Hjartdølane har sjølve teke seg av skulen, Ken Skeie tek seg av butikken og så må kommunen ta seg av fullverdig barnehage i bygda, som jo er noko av det mest lønsame kommunane steller med.

Behald ungane i den gamle barnehagen mens de bygger ny barnehage i Hjartdal neste år, no er det Hjartdalsbygda sin tur !

Kommentarer til denne saken