Tidlegare rektor ved Høgskolen i Telemark, Arvid Gjengedal, døydde 30. desember. Gjengedal var den andre rektoren ved den nye høgskolen etter samanslåinga av ei rekkje høgare utdanningsinstitusjonar i Telemark i 1994. Han blei valt til rektor første gong i 1997. I 2000 stilte han igjen til val og fekk ein ny periode og hadde stillinga fram til 2003. Før han blei rektor, var Gjengedal dekan for avdeling for lærarutdanning på Notodden.

Arvid Gjengedal var født 19. juli 1943 og vaks opp i Lom i Gudbrandsdalen. Etter end utdanning ved Universitetet i Oslo, der han tok cand.philol.-graden med historie som hovudfag, jobba han frå 1971 som lektor ved det som den gongen heitte Notodden lærarskole. Der underviste han i historie og samfunnsfag på allmennlærarutdanninga. Dei som var kollegaer og arbeidde saman med han på denne tida, fortel at Arvid hadde eit stort engasjement for faget sitt, og at han var ein inspirerande lærar.

Anten han var saman med studentar eller kollegaer var han ein humørspreiar som skapte god stemning rundt seg. Han kom lett i kontakt med folk, var lett å samarbeida med og aldri redd for å ta utfordringar. Dette var eigenskapar han óg fekk god bruk for då han gjekk inn i leiaroppgåver og som prega måten han fylde både dekan- og rektorrolla på.

På 1980-talet engasjerte Gjengedal seg i politisk arbeid ved sida av stillinga som lektor i lærarutdanninga. Han sat i tre periodar i kommunestyret i Notodden og tre periodar i fylkestinget i Telemark for Høgre. Han var óg i ein periode fylkesleiar for Høgre i Telemark. Etter at han blei leiar i høgskolen var han ikkje aktiv i politikken, men erfaringa frå politikken fekk han nytte av då han skulle leia ein institusjon som var stor, komplisert og spreidd på fleire campusar i heile Telemark.

Etter at leiartida var over og han hadde hatt eit sabbatsår, ønskte han seg tilbake til undervisninga i lærarutdanninga. Det var lærarutdannar han først og fremst var. Han brann for faget sitt og ville avslutta arbeidslivet der han begynte i 1971: med å utdanna lærarar. Dette heldt han fram med til han i 2011 valde å ta ut pensjon etter 40 års teneste i Høgskolen i Telemark.

Like før han skulle gå av med pensjon, blei Arvid Gjengedal ramma av sjukdom. Sjukdommen kom til å prega pensjonisttida, som ikkje blei slik han hadde håpa.

Vi som fekk gleda av å arbeida saman med Arvid, er takksame for den tida vi fekk ha han som kollega og leiar og vil minnast varmen og det gode humøret han alltid hadde med seg. I desse dagar går tankane våre til den næraste familien og pårørande.

Knut Henning Duesund, førstelektor emeritus ved Universitetet i Søraust-Noreg