Kven trugar arbeidsplassane, Solveig Abrahamsen?

Av
DEL

min mening

Solveig Abrahamsen hevdar i lesarinnlegg i Telen, 18. juli 2017, at Senterpartiet sitt mål om å seie opp EØS-avtalen, trugar arbeidsplassane i Telemark. Abrahamsen viser elles til at Høgre vil halde fram med ei rekordhøg satsing på samferdselstiltak som veg og bane.

For Senterpartiet har rammevilkåra for industrien sjølvsagt stor betydning. Difor er rask og effektivt tilgang til marknadene svært viktig. For øvre del av Telemark står E134 sjølvsagt i ein særstilling. Vegen knyter saman heile Vestlandet, sør for Sognefjorden, med Austlandet. Med E134 sine avgreiningar mot Kristiansand (RV 9), Grenland (RV 36), Vestfold (RV 40) og med vidareføring av E134 frå Drammen (via RV 23) til E6 (Vassumkrysset) mot Gøteborg og kontinentet, vil E134 kunne bli navet i det framtidige sørnorske vegnettet. Det var då heller ikkje uventa at Statens vegvesen (SVV) på grunnlag av aust-vestutgreiingane (jan. 2015) konkluderte med at E134 var det desidert beste alternativet. På dette grunnlag gjorde også regjeringa vedtak om at E134 skulle vera eitt av dei framtidige hovudsambanda mellom Austlandet og Vestlandet. SVV sine utgreiingar og vurderingar er seinare kvalitetssikra av velrennomerte konsulentar.

Når så Nasjonal transportplan 2018–2029 blei lagt fram (5. april 2017), hadde ikkje regjeringa (Høgre) gjort framlegg om å løyve ei einaste krone til oppgraderingar på SVV sin tilrådde trasé i fyrste del av planperioden (2018-2023). Det vesle halmstrået som E134-tilhengarane kunne innkassere etter handsaminga i Stortinget, var retten for å byrje bompengeinnkreving i fyrste del av planperioden slik at ein hadde kapital til tidlegare anleggsstart. Det blei imidlertid ikkje gjeve lovnader om statlege løyvingar til E134 før etter 2024.

Oppgradering av E134 ville vore eit nasjonalt lyft for Innlands-Norge og spesielt for Telemark. Handsaminga i Stortinget i denne viktige vegsaka, syner som så mange gonger før, at «verstingpartiet» er Høgre. Trass krystallklare konklusjonar frå Statens vegvesen, har Høgre sytt for å utsette på ubestemt tid det mest økonomiske vegprosjektet i Norge, dels ved å sabotere utgreiing av armen til Bergen, dels ved å syte for at det ikkje vert løyvd midler til prosjektet innan rimeleg tid (før 2024).

Av fraksjonsmerknadene frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet går det derimot fram at det hjå desse partia er langt større vilje til å satse på E134, jamfør Innst. 460 S – 2016–2017. Arbeidarpartiet og Senterpartiet beklagar sterkt at regjeringa, trass ei rad tilrådingar, ennå ikkje har sett i gang arbeidet med konseptvalutgreiing (KVU) for ein mogleg framtidig arm til Bergen, og partia gjentek denne tilrådinga. Senterpartiet gjer elles framlegg om at statlege midlar på 1,2 mrd. kr blir skuva fram frå andre til fyrste del av planperioden (2018–2023) for snarast råd å få igangsett arbeidet med nye Haukelitunnelar,

Ei satsing på E134 synes ikkje sannsynleg med noverande regjering. Det denne regjeringa generelt har stått for, er ei storstilt sentralisering rundt Oslo og der interessene til distrikts-Norge er sett på vent. Sentralt i denne storbyfokuseringa er planane for Oslo-trianglet med dobbelspora togliner frå Lillehammer, Halden og Grenlad. Denne storstilte togsatsinga har astronomiske kostnader (135 mrd. kr), og gjev lite attende i form av transportarbeid. Medan NSB og Bane Nor i 2017 mottek 22 mrd. kr i statlege subsidiar, vil subsidiane truleg auke til det dobbelte i slutten av planperioden dersom togsatsinga held fram som føresett i Nasjonal transportplan.

Notodden, 21. juli 2017

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags