Den rådgjevande folkerøystinga 6. mars gav 9 % fleirtal for å halde å nynorsk som hovudmål på Sauland skule. Valdeltakinga var på 27 %. Det er ganske vanleg med ein oppmøteprosent på om lag dette i denne type saker.

Personleg synest eg ikkje det er så lågt, med tanke på kor lett det er å få folk ut på noko som helst i våre dagar. Uansett kan eg ikkje sjå at nokon av politikarane våre skal kunne sjå vekk i frå folkerøystinga, som er det einaste verkeleg demokratiske me har sett i prosessen så langt!

Det blei halde eit ope møtet på skulen 5. oktober 2022, lenge etter at både føresette- og elevundersøkingane alt var unnagjort. Det blei ikkje sendt ut noko form for informasjon om bakgrunn for saka eller argument for eller mot eit skifte i samband med undersøkingane. Og aldri invitert til nokon debatt!

Dei to andre skulane i kommunen, som sender ungdomsskuleelevar til Sauland, blei heller ikkje involvert på noko vis, før indirekte gjennom folkerøystinga. Tygg litt på den!

Saksutgreiinga frå kommunen kom fyrst etter det opne møtet att, og er tydeleg vekta i initiativtakarane si retning. I den kan det sjå litt ut som om det i år berre er 35 prosent av dei 109 elevane på Sauland skule som har nynorsk som hovudmål. Dette er ikkje tilfelle. Dette skuleåret har framleis alle dei 60 elevane på barneskulen nynorsk som hovudmål, altså 100 prosent. Men 63 prosent av dei har valt å ha bøkene i alle andre fag enn norsk, på bokmål.

Hadde det vore minst 10 elevar per klassesteg som ville hatt bokmål som hovudmål, kunne det ha vore oppretta eigne klasser. Men det har det altså ikkje vore grunnlag for. På ungdomsskulen vel elevane sjølve kva dei vil ha som hovudmål. Sidemål er uansett obligatorisk to av åra, og tel halvparten av karakteren. I år var det 10 av i alt 49 elevar som valde nynorsk som hovudmål. Av dei 39 bokmålselevane, går 13 av dei i ei rein bokmålsklasse. I denne klassa er det elevar som ville ha halde fram med nynorsk som hovudmål, om det ikkje var for at ein kom over kravet på 10 stk. for å få ei rein bokmålsklasse. Dette er dei faktiske tala.

Tala svingar frå år til år. Berre tre år attende var det solid overvekt av dei som hadde nynorsk og nynorskbøker i alle fag. Me kan da vel ikkje seia at me ser noko tydeleg utvikling ut frå berre to år!Konklusjonen er at denne saka diverre har utvikla seg på veldig lite demokratisk vis heilt frå start. Om ein på toppen av alt no skal sjå vekk frå det valet som er gjort etter at saka faktisk kom opp til debatt, da mistar i alle fall eg respekten for styre og stell i Hjartdal kommune.


Ingvill Marit Buen Garnås, Hjartdal