Omfattande Myllargut-år

Johannes Sundsvalen spela og Per Olav Berge kveda for ordførarane Kristoffer Hesthag (Sauherad), Arne Storhaug (Bø), Olav Nordstoga (Vinje), John Kleivstaul (Seljord) og fylkeskultursjef Målfrid Rydningen, når dei la fram planar for 200-års jubileet etter Myllarguten. Her ved tuftene til huset Myllarguten budde i ved Ryntveit i Sauherad.

Johannes Sundsvalen spela og Per Olav Berge kveda for ordførarane Kristoffer Hesthag (Sauherad), Arne Storhaug (Bø), Olav Nordstoga (Vinje), John Kleivstaul (Seljord) og fylkeskultursjef Målfrid Rydningen, når dei la fram planar for 200-års jubileet etter Myllarguten. Her ved tuftene til huset Myllarguten budde i ved Ryntveit i Sauherad.

Av
Artikkelen er over 19 år gammel

NORDAGUTU: Ingen veit eksakt dagen då Tarjei Augundsson blei fødd. Fleire har kjempa om heimelen til den kjente spelemannen, men no er det samarbeidet som rår. Planlegginga av 200-års jubileet er i god gang, og Myllarguten skal feirast heile år 2001.

DEL

Det var Sauherad kommune som fann ut at dei ville markere 200-års jubileet etter fødselen til Myllarguten. Kanskje vil nokon klage på denne påstanden. Uansett så samarbeider no mellom anna fire kommunar, som alle meiner dei har ein andel i Myllarguten, om å lage eit skikkeleg jubileumsår i 2001. Det er etablert ei hovudnemnd, leia av Ingrid Skjøtskift, samt at det blir planlagt ulike lokale arrangement og tiltak lokalt i dei fire kommunane.
-Hovudoppgåva til nemnda er å vere ideskapar for andre på både lokalt, regionalt og nasjonalt plan. Me skal samordne aktivitetar, kulturkalender, marknadsføring, samt stå for opningskonserten, seier Skjøtskift. Håpet er at jubileumsåret skal føre til ei ny oppblomstring for folkemusikken.

På frimerke

Hittil er det kommunane som har spytta inn pengar i arbeidet, men det ligg søknad om midler inne hos både Norsk kulturråd, Tusenårskomiteen og regionaletaten i fylket. Kulturminister Anne Enger Lahnstein har også blitt kontakta, samt at Postverket har vist interesse med tankje på å gi ut frimerke av Myllarguten. Å få prenta Myllarguten på ein pengesetel derimot, har vist seg vanskeleg. Fylkeskultursjef Målfrid Rydningen har stor tru på prosjektet.
-Jubileumsåret bør gi gjenklang både geografisk og tematisk. Dette er å profilere Telemark på ekte vis. Myllarguten er ei nasjonalmyte både innanfor folkemusikk og kultur, seier Rydningen.

Lokale tiltak

I kommunane er det fleire ting på gang. Stoga på Audunskås i Sauherad skal restaurerast, og gjerast tilgjengeleg for folk. Der budde Myllarguten i ein periode. I Bø skal Telemarkfestivalen dette året vere prega av Myllarguten, samt at ein felemakarverkstad er under etablering. Myllarguten fekk felene sine frå Helland-familien i Bø. I Seljord blir Myllargutvegen rydda og gjort attraktiv med oppsetting av historiske skilt. I Vinje kan det bli sett opp friluftsscene i urbøuri i Arabygdi, avdelinga i Rauland av Høgskolen er i gang med prosjekt, samt at Landskappleiken skal pregast av Myllarguten. Det har blitt sagt at Myllarguten var den fyrste bygdespelemann som lyfte hardingfelespelet opp på eit nasjonalt plan.

Artikkeltags