Gå til sidens hovedinnhold

Håvard Kaasa (1954-2021) til minne

Folk imellom, i famelie, venekrins, lagsarbeid og kommunen i det heile, kjenner det mykje sårt at Håvard brått er burte. Han var sentral i sosial og tilsatt innsats, ein flink mann på eigedomane han dreiv saman med Torunn, og på Tuddal Bygdetun var han drivkraft i lange tider.

Han fekk realisert museumsbygg og stod for mange opplegg i høve Bygdedagar. Håvard var og ein god hjelpar i høve arrangement på Tuddal Amfi. Me samarbeidde godt i mange år.

Som tilsatt i Hjartdal kommune var han umissande som den kyndige med data. Det varde i mange år og etterlet respekt og takksemd.

Torunn og Håvard skapte også flotte sportslege arrangement i Tuddal. Triathlonstemna deira, i lag med friviljuge, var eit eineståande innslag i bygda gjennom nokre kreative kulturår. Mange sakna dei når det måtte leggast ned.

Håvard har gjort ein enorm innsats på mange måtar og det blir gjeve uttrykk for dette frå mange hald. Ein kan sei at han er mykje elska for veremåte og innsats. Han etterlet seg ein gjev famelie, der kvar ein fylgjer heiderleg opp i ulike yrke. Torunn, ikkje minst, som politikar for SV.

Personleg vil eg takke for samarbeidet Håvard ytte Buen Kulturverkstad. Mange gode minne å sjå attende på. Kondolerer til famelien og alle som saknar den gjeve mannen frå Bolkesjø. Det var trist at han måtte slite med helsa i nokre år, den tid han skulle njote pensjonstid etter hektiske arbeidsår. Men Håvard stod på med aktivitet og trening også i desse åra. Med tanke på Senterpartiet, som han representerte, så vil eg sei han var ein inkarnasjon av det beste i partiprogrammet. Visa i praksis dei gode sidene. Håvard Kaasa fekk tildela Hjartdal kommune sin kulturpris for nokre år sidan.

Signe minnet om eit oppbyggeleg menneske imellom oss.

I respekt, Knut Buen

Kommentarer til denne saken