Gå til sidens hovedinnhold

- Det ordførar og rådmann her står og seier er at kom til Hjartdal kommune, men buset deg i Sauland.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Hjartdal jakter på unge, nye innbyggere og frister med gratis SFO var overskrifta i Telen 23.november.

Ordførar og rådmannen står fram og fortel at dei no maktar å gje gratis skule – og fritidsordning som den fyrste kommunen i Kongsberg – regionen. Dei har funne 150 000 kroner. Kommunen vil prioritere dette for å freiste barnefamiliar til å flytte til Hjartdal. Dette må vel vera bra?

Det som ikkje blir sagt i artikkelen er at dette gjeld elevane i Sauland, det er den kommunale skulen i kommunen. Tuddal og Hjartdal skule blei som kjent lagt ned og det vart stifta Montessoriskular i begge bygdane. Dette er privatskular som får tilskot frå staten til å drive skule for. 15 % av tilskotet pr elev går til kommunen som har utgifter med skulehelsetenesta, ppt, spesialundervisning og skuleskyss frå kommunale vedtak. Dei midla som blir tilført privatskulane er øyremerka til skuledrift, og skulane kan ikkje bruke dei til å drifte SFO eller andre aktivitetar som er utanfor skuletida. Det må skulane finansiere gjennom foreldrebetaling. Skulane står fritt til å krevje foreldrebetaling for skuleplass og, men både Hjartdal og Tuddal Montessoriskule har valt å ikkje gjera det, slik at foreldre kan velje skule ut frå ynskje om kvar eleven skal gå, og ikkje ut frå økonomi.

Intensjonen til ordførar og rådmannen er å freiste fleire til å busette seg i kommunen, dette vil dei altså gjera med gratis SFO. Kvifor reagere på dette?

Fordi dette skaper meir splid i kommunen enn det freistar fleire til å busette seg her. Dette kjem berre dei som har barna sine på Sauland skule til gode. Det ordførar og rådmann her står og seier er at kom til Hjartdal kommune, men buset deg i Sauland. Her har me offentleg skule og bustadfelt med byggeklare tomter. Sentraliseringspolitikk? Men kva med resten av kommunen då? Jau, her er det og skule, her er det og barnehage, her er det god plass til å bygge seg hus, men det er ikkje tilrettelagt for det.

Kva skal til for at ein vel å busette seg ein plass? Ofte har ein tilknyttning til plassen gjennom oppvekst eller familie. Eller det kan vera arbeid. Det kan og vera økonomiske grunnar til å flytte til ein bestemt kommune, døme er Bjørn Dæhli som flyt til Bø i Vesterålen.

Kva kan Hjartdal by på for å freiste fleire til å busette seg her? Ein av landets dyraste kommunale avgifter. Og desse aukar meir frå 2021. Maks pris på barnehage. Lite boligar til sals. Tilrettelagte tomter i berre ei av bygdene. Maks pris på barnehage, men gratis SFO for barna i Sauland.

Vil dette gjera at Hjartdal kommune kjem opp i 1700 innbyggerar? Vil barnefamiliar flytte til kommunen når dei får gratis SFO? Eller vil dette berre skape splid mellom innbyggerane som alt bur i kommunen?

Skal me bli ein kommune som folk ynskjer å busette seg i, må me dra lasset saman. Då kan ein ikkje skape splid med å forfordele godene mellom bygdane. Kvar bygd har sitt å by på, og saman blir det bra. Ynskjer me at unge vil busette seg i kommunen, må det vera hus eller tomter disponibelt i alle tre bygdene, det må vera gode barnehagar og skular for alle barn. Det må vera arbeidsplassar i kommunen eller gode mogelegheitar til å pendle til andre kommunar. Det må vera eit godt helsevesen og eldreomsorg. Mykje ligg på plass her, men langt i frå alt.

Kva med å starte med å tilrettelegge for tomter i Hjartdal og Tuddal også? Då kan dei som ynskjer å bygge seg hus her velje kva stad dei vil bygge. Kva med å prioritere å bygge den nye barnehagen i Hjartdal? Kva med å redusere prisen på ein barnehageplass om det er økonomi til det? La dei unge få ein liten fordel økonomisk i startfasen med å redusere prisen på foreldrebetalinga i barnehagen? Kva med å tilrettelegge for eit godt samarbeid mellom dei tre skulane i kommunen? Lage gode og trygge oppvekstvilkår for alle som bur i kommunen, sjølv om det er i Ambjørndalen, i Bondal eller i Sauland?


Kommentarer til denne saken