I hardt ver!

Av
DEL

min mening 

Kva ligg bak det som no kjem fram i media? Ein rådmann må gå? Kva har skjedd? Dette må fyrst avklarast dersom handsaminga skal tåle ettertida sitt ljos.

Det er klart at noverande rådmann har vore med å skape uheldige saker i Notodden. Den forhasta øydelegginga av skulestrukturen i Heddal, med gåvesalet av Nordbygda skule som ein topp i så måte, har sjølvsagt rådmannen eit medansvar for. Men truleg har salet skjedd innanfor gjeldande vedtak i kommunestyre og formannskap og i tråd med dei fullmakter rådmannen har i fylgje delegasjonsreglementet.

Det er og andre saker som er grøftekøyrd, mellom anna ny skule i Heddal, men er denne grøftekøyringa rådmannen sitt ansvar?

Det vert for enkelt å skulde på rådmannen når det i røynda har vore politisk svikt. Enno har ikkje politikarane som har fleirtal makta å rette opp delegasjonsreglementet, slik ein i lang tid har vore enig om at er heilt nødvendig.

Om det er andre ting som ligg til grunn for den situasjonen som no er oppstått, må detaljane på bordet før det vert teke avgjerder.

Det mest rektige er kanskje at rådmannssaka vert utsett til etter sommarferien, slik at alle sider av saka kan opplysast for alle som skal vera med på avgjerda – på ein slik måte at folk forstår det.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags