Nødvendige avklaringar kring konsesjon for uttak av drikkevatn frå Sjåvatn

Av
DEL

min mening 

I fleire samanhengar ser ein påstandar og synsing om kva for arbeid som ligg bak konsesjonsvedtak om uttak av drikkevatn frå Sjåvatn.

Fyrst av alt, når ein skal etablere drikkevasskjelde, så er det NVE som skal handsame ein konsesjonssøknad. Det er gjort i denne saka attende til 28.08.2013. NVE har handsama saka og i brev datert 27.11.2015 vert det gjeve løyve til Hjartdal kommune om uttak av drikkevatn frå Sjåvatn – i tråd med søknad frå Hjartdal kommune.

Under handsaminga av sjølve konsesjonen bad NVE Hjartdal kommune og Notodden kommune om å legge høyringsdokumentet tilgjengeleg under høyringsperioden. Dette gjorde Hjartdal kommune samstundes som dei berørte partane i kommunen fekk tilsendt varsel om høyring i brev, datert 11.02.2014. Det er registrert at grunneigarar har gjeve høyringsuttale til saka. Dette kan lesast i sjølve konsesjonsvedtaket til NVE. Notodden kommune kom òg med uttale.

Eit halvt år seinare blei grunneigarar kontakta av både NVE og Hjartdal kommune om synfaring som vart gjennomført i området 17.09.2014.

Kommunen og Russmarken VA AS er i dialog med dei grunneigarane som vert direkte råka av tiltak knytt til utbygginga.

Vedtak om VAL av drikkevasskjelde for VA-utbygging i reinsedistriktet vart vedtatt 27.oktober 2017. Det er dialog med Mattilsynet om tiltaket. Når Mattilsynet gjer klart kva for krav dei vil stille, skal kommunen gå i dialog med grunneigarar om dette.

Konsesjonsdokumentet er grundig og beskriv fleire av dei kommentarar og spørsmål som vart stilt allereie under handsaminga av søknaden:

«…men det vil maksimalt føre til ei senking av Sjåvatn med 1,5 cm.»

«NVE vurderer difor at fisk og andre vasslevande organismar ikkje vil verte påverka av det omsøkte tiltaket.»

«Vinterfriluftsliv vil slik NVE ser det ikkje verte påverka av det planlagde tiltaket.»

«Det kan synast som Hjartdal kommune på inga måte har fylgd det naudsynte prosessar». Denne påstanden er feil, og sjølve konsesjonssaka er eit døme på at dette arbeidet er gjort i tråd med god forvaltningsskikk. Den prosessen som starta opp etter val av vasskjelde er pågåande og Hjartdal kommune følgjer dei krav og forventningar som berørte partar har i, og kring Sjåvatn.

Ein gjer til slutt merksam på at dei same prosessane måtte vert følgt om ein hadde vald kommunen sitt andre alternativ til vasskjelde (som fleirtalet i kommunestyret ikkje ynskja). Både konsesjonssøknad, sikring av areal kring brønnar osb. ville da vorte ein del av sakshandsaminga før ein eventuelt kunne nytte brønnane til drikkevatn.

Sauland 12.06.18

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags