Då eg såg at avgjersla var tatt angåande nynorsksaka i Hjartdal, kjende eg det nesten som ei plikt å stille nokon spørsmål ved dette. Årsaka til at eg lurer er at så vidt eg kan sjå er ikkje forsking og faglege uttaler blitt lagt fram før røystinga. Dette vil eg kalla eit mangelfullt grunnlag, og det bør ein unngå i ei så viktig sak.

Her er eit sitat frå Olav Øyen (Ap) som kommenterte saka i Telen:

«Bokmål er til ungenes beste og det er det ungene vil ha. Jeg vil like å se den i salen her i dag som stemmer imot det.»

Når ei politikar kjem med ein slik påstand, som angår alle ungar i kommunen, bør han kunne leggja fram fakta som støttar det han seier. Kan det visast til artiklar som konstaterer at bokmål er det beste for barna? Eller er dette ein påstand som kun er basert på personlege meiningar, og ikkje fakta?

Eit anna døme er det Venke Raundalen (Ap) sa om saka:

«Jeg har gått mange runder med meg selv i forhold til lojalitet til folkeavstemningen, men også i forhold til min egen fagkunnskap og erfaring. Jeg har sett for mange små mennesker som strever med å få det til i skolen – og det blir ikke lettere av å ha undervisning på en annen målform enn den som er naturlig for eleven. Min lojalitet må gå til den eleven.»

Det som blir sagt her er her stemmer naturlegvis, men eg tykkjer ikkje skulegonga skal kvitte seg med alt som kan var utfordrande for nokon. At nokon elevar slit med fag på skulen er sjølvsagt, men at dette også skal gå utover dei som ikkje gjer det, tykkjer eg er feil. Eg trur at dette vil føre til ein lågare grad av meistring i skulen.

Vidare trur eg at elevar som slit med læring, vil mest sannsynleg har større utbytte av endra læringsmetode, enn å fjerna det dei skal lære. Dette er sjølvsagt bare mi meining, men eg støar meg på det Anne Sliper Midling ved NTNU seier til Forskning.no:

«Det Mila Vulchanova og hennes medforskere gjorde, var å ettergå forskningen til en svært kjent språkforsker som heter Ellen Bialystok som er professor ved York University i Toronto. Hun har jobbet med flerspråklighet lenge og har funnet ut at flerspråklige viser større mental fleksibilitet, kognitiv kontroll, metaspråklig bevissthet og kreativitet.

Forskerne sjekket så om dette også var tilfelle for de som behersker bokmål og nynorsk, som er språk som er relativt like. Og det var det.»

Kristin Melum Eide, professor i språk og litteratur ved NTNU seier vidare:

«Tenk på hjernen som en datamaskin. Man får ikke større harddisk av flerspråklighet, men man får en større prosessor. Man får kort sagt en mer effektiv maskin å jobbe med. Flerspråklige driver med en form for mental vektløfting hele tiden»

For å oppsummera vil eg seia at om ein fjernar nynorsken som hovudskriftmål, som er eit problem for eit fåtal, vil majoriteten sitje at med svarteper, og gå glipp av dei mange fordelane det er å ha nynorsk som hovudmål. Og så: kan einkvan av politikarane som har røysta for bokmål publisera det faktagrunnlaget dei gjekk utifrå då saka vart avgjort? Eg håpar sjølvsagt at dette er så overbevisande at eg endrar mi meining.

Helsing Walter Sandvik Vold