1912: Dette trollet og den vesle guten blei teikna av John Bauer i 1912.
Tuddal treng troll
Har du alt teikna troll eller lyst til å teikne troll - så sett i gang!
Anbefalt på Facebook
I Tuddal treng dei teikningar av troll, og gjerne av trolla Lurv, Hakjepet, Sjuke-Knut, Fluks og Bøyg Bodik. Etter segna helt desse fem trolla til i kvart sitt fjell i bygda. Og ikkje berre det. Desse trolla kasta også stein mot kyrkja i Tuddal, men trefte gjorde dei ikkje.
Premiar til vinnarane
– Det blir fine premiar til dei som har teikna dei trolla me vel ut til bruk i marknadsføring av folkestigen rundt Bjårvatn og i samband med opprustinga av trekanten framfor kyrkja, fortel Anne-Bjørg Haugan.
Innan februar
Ho er prosjektleiar for «Frå bygd til landsby», og fortel at teikningane må vere inne i løpet av februar, og at det berre er å merke konvolutten med prosjekttittel og namnet hennar og sende teikningane til 3692 Sauland.