Slik går Saulandsangen
Da Hjartdalskoret fremførte Saulandssangen på bygdedagen lørdag, var det første gang mange hørte den komplett. Her er teksten.
Anbefalt på Facebook
Tekst: Andres Blomhaug, Sauland (1909-1991).
Melodi: Ack Värmeland du sköna
NB: På videoklippet er det 4. verset som synges
1. Vår bygd, Kjære Sauland, så trygg i skogars fang du strekkjer deg i fjell sterke armar.
Du smiler som eit barn til Mor sin voggesang når vårvindar solfylte varmar.
Det klukkar og skvalar bak snøfonn og bre og bekkane skundar frå åsane ned,
så yr du ivårgleda larmar.
2. Her Heksfjell og Slettefjell vernar så trygt og Himing i høgsetet tronar.
Her fedrane våre har bygsla og bygt – med glede og vemot og voner
Her Mor og han Far all si arbeidskraft gav
til trøytte dei fann kvila mellom venenes grav ved kyrkja under malmtunge tonar.
3. Me elskar deg, Sauland, du fagraste stad «Du perla mellom Telemarks dalar»!
Me elskar din vårsong og sommarens kvad og fjellheimens skyhøge salar.
Me er glade i kvar bakke, kvar knause og koll og svagande skogar som tunglynt i moll
i sønnavind tuslar og talar
4. Me jublar når høgsommar ferdig har sin krans av blomar og lauvtunge krullar,
når storelva brusar og Omnesfoss i dans den urgamle visa si mullar.
Når fjellvatna blenkjer og fuglanes kor
dei jublar mot himlen og gullsky mot nord, da blir ikkje Heimgleda fullar.
5. Men midt i alt det store me ynskjer og bed om lukke til folk og til frendar:
O’ Herre! Du gjev oss din nåde og fred sign Du våre heimar og grendar.
Og når me ein gong seier deg Sauland farvel når dagen vår hellar og lir imot kveld,
tak Du våre livstrøytte hendar.
(Blant folk i Sauland fins teksten i flere versjoner. Denne er noe tilpasset melodien.)