-Ikkje gjer som fylkestannlegen seier!
Sauland tannklinikk sikrar hjartdølane ei god tannhelse. Karius og Baktus får finne seg ein annan stad. Vi omskriv den historia, og kjem med følgjande oppmoding til hovudutvalet sine medlemmar: Ikkje gjer som fylkestannlegen seier – ikkje gjer som fylkestannlegen seier!
Anbefalt på Facebook
Det skriv ordførar Olav Tho på vegne av Hjartdal formannskap i eit brev til medlemmar i hovedutvalg for kultur og identitet i fylket, som skal samlast til møte i Tuddal 7. september.
-Hjartdal kommune reknar med at de ikkje kjem til kommunen vår for å leggje ned ein godt fungerande tannklinikk, med god inntening frå privatkundar og ventelister. Rådmannen har tidligare i sommar sendt brev til fylkestannlegen der det blir argumentert for kvifor tannklinikken bør oppretthaldast og gitt melding om at Hjartdal kommune ønskjer å vidareføre den kostnadsdelinga som har vore. Vi reknar med at brevet er vedlagt saka til hovudutvalet, skriv ordføraren.
-Frå politisk side vil vi understreke at denne saka ikkje berre kan sjåast i lys av fylkeskommunen sin økonomi. Saka må vurderast i eit samfunnsøkonomisk lys. Tannklinikken har i dag ei god inntening frå meir enn 400 private kundar. Fleire bygdefolk ønskjer å bruke Sauland Tannklinikk, men får ikkje time. For familiar i Hjartdal med barn som bruker tannklinikken, vil ei nedlegging innebere stor ulemper. Nå kan barna gå aleine på trafikksikker veg mellom skulen og tannklinikken. Etter ei nedlegging må foreldre ta fri frå arbeid – ofte utanbygds – hente barna og bringe dei tilbake på skulen før arbeidsdagen held fram. For eldre menneske som har krav på offentleg tannhelseteneste vil transport til og frå ein tannklinikk på Notodden vere ei stor meirbelastning i samband med tannlegebesøk. Pleiepersonell må bruke verdifull arbeidstid på transport, skriv ordføraren videre.
-Hjartdal kommune arbeider aktiv for å auke folketalet. Eit av tiltaka er å rekruttere nye innbyggjarar frå Nederland. På lista over interesserte tilflyttarar finn vi ein tannlege. Viss Sauland tannklinikk blir oppretthalden i framtida er det gode sjansar for at vi kan få rekruttert ein ny tannlege som vil busette seg i kommunen vår. Telemark fylkeskommune bidar aktiv til andre tiltak som styrker busettinga i kommunen, mellom anna gjennom prosjektet ”Tuddal frå bygd til landsby”. Vi meiner det er viktig at fylkespolitikarane tenkjer heilskapleg – og ikkje gir med den eine handa og tek tilbake med den andre.