KLØR: Ferske bjørnespor med tydelege klør ved Saurviken. (Foto: Øyvind Fosse)
Fant spor etter bjørn
Dei siste helgene har bjørnen vore på farten i Sauland, Heddal og Hjartdal.
Anbefalt på Facebook
– Skikkeleg moro, seier Agnes Langåsdalen. Søndag såg ho spor etter bjørn ved Breidvatn i Hjartdal, då ho var på sykkeltur med mannen Kjetil, sonen Arnt Helge og barnebarnet Simen (3,5).
Fleire på farten
Søndagsturen starta på Opsal og gjekk med sykkel innover mot Breidvatn. Meininga var å ta ein rundtur, men dei sykla feil og prøva seg på ein beinveg. Dei for utanom veg og stig, og rota seg inn i skogen. Med syklane under armen bar det opp ei li frå eit bekkefar, fullt av elgspor. Arnt Helge blei sendt ut som stigfinnar, og han oppdaga at det hadde vore fleire på farten enn elgen. Ved Saurviken i nordvestre kant av Breidvatn, sendte stigfinnaren ut eit klart og tydeleg: Oi. Agnes og dei andre for til, og fekk alle sjå provet på at bjørnen for lengst er ute av hiet. Dei vaksne blei ikkje redde, men naturlegvis litt overraska.
– Hadde bjørnen vore i nærleiken, hadde han trekt seg raskt unna når me kom bråkande, trur Agnes.
