TUDDAL: Brannvesenet hindra brannen i å spreie seg til andre bygningar. (Illustrasjonsfoto)

Einebustad totalskadd i brann

Ei kvinne redda seg ut saman med kjæledyra då det tok fyr i eit hus i Tuddal.

Annonse

Anbefalt på Facebook

Annonse

Politiet fekk melding om brannen klokka 01.18, og skriv i loggen at einebustaden blei totalskadd.

Vidare at det var ei kvinne til stades då brannen starta, og at ho ved eiga hjelp fekk redda ut alle kjæledyra ho hadde i huset.

Kjæledyra skal ha blitt tatt hand om av naboar, medan kvinna sjølv blei køyrd til sjukehus for ein sjekk.

Politiet opplyser at brannvesenet fekk avgrensa vidare spreiing av brannen til nabobygningar og driftsbygningar.