AVSTANDER: Det er kommunar med få innbyggarar og store avstander som nyt godt av utjamninga på nettleige.
Billigare nettleige
I 2009 vil hjartdølane betale rundt 1200 kroner mindre i nettleige enn i år.
Anbefalt på Facebook
Kun ei hindring gjenstår før dette er ein realitet. At forslaget til statsbudsjett, som blir lagt fram i dag, blir vedtatt.
Ordførar Olav Tho vil naturlegvis ikkje røpe kor budsjettlekkasja kjem frå.
Forslaget gjer at hjartdølane vil kome best ut i Telemark, seier Tho. Han forklarer et tre selskap er omfatta av ordninga: Hjartdal elverk, Drangedal elverk og Rauland kraftforsyningslag. Det handlar om høvesvis 8,1 øre, 5,3 øre og 2,9 øre per kwh. Forslaget på den statlege budsjettposten for utjamning av nettleige, gjere at totalt 8000 husstandar i landet får lågare nettleige. I snitt har husstandane i Noreg eit straumforbruk på 20 000 kwh per år, medan snittet i Hjartdal ligg på 12 000 kwh.
I Hjartdal nyttar husstandane meir vedfyring enn elles i landet, forklarer Tho.
