Bok- og blueshus i Stortingsdebatten
Sigvald Oppebøen Hansen, stortingsrepresentant for Telemark Ap, talte bok og blueshusets sak fra Stortingets talerstol under budsjettdebatten torsdag 15. desember. Dette er hva han sa:
TALTE FOR BLUESHUSET: : Aps stortingsrepresentant talte bok- og blueshusets sak under budsjettdebatten i Stortinget torsdag.
Anbefalt på Facebook
President, ikkje overraskande vil eg tru, så tar eg ordet for å sei nokre ord om prosjektet Bok- og Blueshuset på Notodden. Dette er ei sak som har vore omtalt i fleire år, både i Telemark og her på huset.
Eit Bok- og Blueshus er meir enn blues. Denne originale kombinasjonen er nemleg eit kultur- og aktivitetshus i brei forstand. Eit kulturbygg som den tidlegare industribyen Notodden fortener for i endå større grad å utvikle kultursatsinga.
Eit Bok- og Blueshus blir ikkje reist fordi Notodden treng nye bevis på kor vellukka bluesfestivalen har vore for Notodden sitt omdømme. Nei, dette vil vere prikken over i-en for å framheve den merkevara som notoddensamfunnet har bygd opp gjennom dei siste 25 åra.
Bluesfestivalen har engasjert både nasjonalt og internasjonalt til stor glede for mange. I tillegg ser me at denne aktiviteten har gitt byen eit rikt musikkliv og mange orkesteretableringar innan mange sjangrar. På Notodden sit dei ikkje bare og grublar og tenker ut nye idear – nei, dei vil gjere noko med det. Skape ny industri, ikkje bare spanande festivalar med flotte artistar, men nyvinningar i kjølevatnet av festival, der festivalen er sjølve lokomotivet som set hjula i sving.
President, eg er glad for at ein samrøystes komite har lagt inn ein god budsjettmerknad der dei seier at prosjektet vil bli vurdert innanfor dei reglar som gjeld for statleg investeringstilskot til nasjonale kulturbygg i forhold til løyvingar på seinare års budsjett.
Eg registrerer også at statsråden har uttala seg veldig positivt om prosjektet.
Sjølv om eg aller helst hadde sett at prosjektet hadde fått si startløyving i 2012, er eg glad for at merknaden er så klar i sin intensjon og føringar for seinare års budsjett. Eg ser fram til den dagen då Bok- og Blueshuset blir realisert. Det vil bli ein viktig arena for den vidare utviklinga av festivaltilbodet og samtidig danne ein flott basis for eit heilårleg bluestilbod – og ikkje minst ein spennande nyskaping i kultur- og festivalsamanheng.
Den store utfordringa i dagens samfunn er ikkje bare å ha noko å leve av – me må også ha noko å leve for. Mitt håp er at me i seinare års budsjett kan løfte blikket og sei eit rungande JA til prosjektet.
Sigvald Oppebøen Hansen (Ap)